Archive for juni 2015
10. juni 1949 – I dag er Sigrid Undset død
I dag er Sigrid Undset død
Ein junidag går stilt til ro
og kvelden stig inn, bleik og grå.
Ho er her ikkje, ho.
Sjå bakken ute lyser blått
av blomar mellom kjørr og stein.
Når ho stod over blomar bøygd
dei tunge auga skein.
Så stilt det blir. Enn fuglane?
Det er visst ikkje deira kveld.
Ho sa helst lite støtt. Men høyr
kor tung ei togn som fell.
Ein virrar rådlaus. Kva, ein mur
har reist seg brått? Og ingen port?
Ver still. Du høyrde rett. I dag
gjekk Sigrid Undset bort.
— Halldis Moren Vesaas